pic5_stroke.jpg

Om oss

Com-Net AS er ei teknisk entreprenørbedrift som bygger fysiske tele-, fiber- og datanettverk i Møre & Romsdal og Sogn & Fjordane. 

Bakgrunnen for Com-Net AS er det tidlegare firmaet Ulstein kabel-TV som på 90-talet starta med internett via koaks. Vi var på den tida blant dei første som starta med å levere internett via koaksialkabel. I 2009 vart Com-Net AS stifta som det firmaet vi kjenner i dag.

I løpet av desse åra har vi bygd opp ei solid erfaring på dei ulike fagfelta vi arbeider med, og i dag leverer vi fullstendige løysingar. Vi planlegg og prosjekterer, og vi har dyktige montørar som utfører arbeidet ute i felten. Kundane våre er kraftselskap, teleoperatørar, bustadforeiningar/organisasjonar, kommunar og andre netteigarar.

Vi leverer kvalitet til avtalt frist, og vi har ein enkel visjon: «Vi skal vere best i klassa!» Dersom vi skal lykkast med det, er kvar einaste jobb like viktig og at den vert utført etter vårt kvalitetsstempel.

Vårt hovudmål er å innfri kundane sine forventningar og at dei skal verte fornøgde med den kommunikasjonsløysinga dei har valt. For oss er det viktig å fokusere på eit langsiktig partnarskap med kundane våre og samtidig vere ein stødig aktør i marknaden.

I 2016 starta vi ei ny nisje som leverer nettverk, kommunikasjonsutstyr, PCar, software, komplette møterom, samt support på desse. For oss er det naturleg å kunne tilby fleire tenester og produkt ettersom vi har solid kunnskap innanfor dette området.

Denne nye satsinga - saman med det vi elles er kjent for, gjer at vi kan levere så å sei alt innan nettverk og kommunikasjonsutstyr. Vi er eit dynamisk selskap i god vekst og vi gler oss over spennande arbeid framover.  

"Com-Net har god leveransepresisjon, er etterrettelege, leverer gjennomgåande god kvalitet og har ei positiv serviceinnstilling."

 

© Com-Net AS  |  Design og CMS utviklet av Osberget