HMS

stolpe.jpg

Vi har utarbeida eit velfungerande og operativt HMS-system som vert revidert med jamne mellomrom. Vi har fokus på HMS i det daglege for å ta vare på sikkerheita til dei tilsette, samt andre sin eigedom, liv og helse.

Vi arbeider mot å ha færrast mogleg ulykker og nestenulykker, sjukefråvær på under 2,5 %, og å sikre helsefremmande arbeid. Vi oppfordrar alle tilsette til å vere delaktig i HMS-arbeidet, og kome med innspiel på korleis vi kan bli betre. Slik vert også HMS-arbeidet tydeleg implementert for alle i heile bedrifta.

IA BEDRIFT

Com-Net AS er ei IA bedrift og har tru på eit godt samarbeid med tilsette og tillitsvalde. Vi ønsker å tilrettelegge for tilsette som vert sjukemelde så godt vi kan, slik at den enkelte kan bli i arbeidet. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vi har, og er derfor viktig å ta vare på.

Vi har også rekruttert nye tilsette via IA-ordninga, og dette har vore svært vellykka.

KVALITETSSTYRING

Com-Net AS styrer etter ISO 9001:2015 standard. Vi har utarbeida ei kvalitetshandbok der vi har definert målsettingar etter gjeldande lovverk for å kvalitetssikre virksomheita vår i alle ledd.

"Com-Net har god leveransepresisjon, er etterrettelege, leverer gjennomgåande god kvalitet og har ei positiv serviceinnstilling."

 

© Com-Net AS  |  Design og CMS utviklet av Osberget