Nettverk

network_stroke.jpg

Com-Net har i mange år levert og drifta nettverk til bedrifter. Vi kan tilby komplette datanettverk til både små og store bedrifter.

Vi tek hand om alt frå dei fysiske komponentane, installasjon, konfigurering og drift, samt eventuelle behov for auka sikkerheit.

Vi kan også tilby spesielle tenester som betalt tilgang eller tilgangsstyring med andre kriterier (tidsrom, brukargrupper mm.).

Fordi vi kan teikne og levere heile nettverket frå “A til Å” kan du som kunde vere trygg på at nettverket vi leverer er solid konstruert og vil halde den kvaliteten som er lova.

Fordelane ved å bruke Com-Net som totalleverandør er at vi har spesialkompetanse på nettverk, og at du som kunde får èin leverandør å halde deg til på heile leveransen (om ønskeleg). Support vert enklere, og det vert ofte meir prisgunstig med éin leverandør på heile nettverksleveransen.

SIKKERHEIT

Vi anbefalar bedriftskundane våre om å tenke på sikkerheit når dei planlegg nettverket sitt. God datasikkerheit betyr at ein vurderer interne rutiner ved behandling av informasjon som kan vere konfidensiell, samtidig som ein sikrer seg så godt som råd mot eksterne truslar.

Spør oss om sikkerheit, så kan vi fortelle meir om korleis vi kan sikre di bedrift.

Kontakt oss
robert_comnet.jpg

Robert Overå
Sal- og Marknadsansvarleg IKT

+47 920 56 201
robert@com-net.no

"Com-Net har god leveransepresisjon, er etterrettelege, leverer gjennomgåande god kvalitet og har ei positiv serviceinnstilling."

 

© Com-Net AS  |  Design og CMS utviklet av Osberget